Dei siste 25 åra har kommunane uhindra fått rasere 1150 nærmiljøskular.
Små skular finst ikkje lenger. Livskraftige skular hamnar i kverna. Takten aukar på denne menneskeskapte tsunamien. Ungane betalar største prisen.
Born ned i 5-års alder vert no pålagde lengre og lengre arbeidsreiser til og frå skulen. Daglege bussreiser på 2 timar er ikkje eit unntak, men regelen for mange. Slikt vert gjort mot ungar, som ifylgje Opplæringslova har rett til skule i sitt eige nærmiljø. Born og foreldre blir ope diskriminerte, alt etter kvar dei bur – i landet eller innan kommunen. Barnets beste er krenka grovt. Prisen ungane betalar, er skadd helse, tapt fritid og dårlegare læringsmiljø.
Både statsminister Stoltenberg og kunnskapsminister Halvorsen seier at dei "ikkje vil blande seg bort i nedlegging av nærmiljøskular". Det er trist når regjeringa talar mot betre vitande. For staten grip aktivt inn i kommunane sine reknestykke allereie i dag:
· ein stimulerer sentraliseringa gjennom måten grunnskulen er finansiert
· staten betalar storparten av skuleskyssen
Dermed legg kommunane ned skular det eigentleg er lønsamt å halde oppe.
I mange saker er kostnaden med skuleskyssen tunga på vektskåla. Ordninga fungerer som ei skjult subsidiering av skulenedlegging. Det forklarar kvifor kommunane har "hatt råd til" å fjerne 1150 nærmiljøskular frå kartet. Andre betalar gildet.
Dei lokalsamfunna som tapar, vert tvinga til å velje mellom to diskriminerande tiltak:
· å måtte godta at kommunen tek frå born, foreldre og lokalsamfunn den lovfesta retten til skule i nærmiljøet – med alle dei konsekvensar det har
· å måtte søkje privatskule på eit pedagogisk eller religiøst grunnlag, som dei eigentleg ikkje ynskjer


