Finanskrisa har også råka distrikts-Noreg. Fleire industribedrifter har merka nedgang i etterspurnaden og har svara med å gå til permitteringar eller varsle oppseiingar i arbeidsstokken. Styresmaktene kjem snart med krisepakke som skal bidra til å få sving på hjula igjen. Vi vonar at det i krisepakka også ligg ei endring i permitteringsreglane for bedriftene. Slik det er no må over femti prosent av arbeidsstokken permitterast før NAV går inn og gjev dei permitterte dagpengar. Konsekvensen vert at mange bedrifter i staden for å permittere seier opp folk. Dette er svært uheldig. Kompetansen hos dei tilsette er bedriftene sin viktigaste kapital. Dersom tilsette i ei bedrift vert sagt opp og finn seg arbeide i andre bedrifter, vert verdfull kompetanse tapt, kanskje for godt. Slik kunne det godt ha vore dersom dette var ei langvarig endring i dei økonomiske rammevilkåra. Men det alle økonomar seier er at dette er ein periodisk, og vonleg kort nedgangskonjunktur. Nett difor er det viktig at bedriftene får høve til å behalde kjernekompetansen sin. Det er god ressursforvaltning av det offentlige å justere permitteringsreglane no!
Del på sosiale medie:
Norge har ingen hovedstad, men har et...