CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Petter Vatn, Epost: petter_vatn@yahoo.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no

Heim

Årsmøtet i Distriktet.no. Aasentunet 8. november 2008

E-post Skriv ut PDF

Referat frå årsmøtet:

Eldar Høidal vart vald til møteleiar og ønskte velkomen.

Terje Linge vald til skrivar. Cecilie Rørstad og Ivar Johansen valde til å skrive under protokollen..

Innkalling og sakliste vart godkjend utan merknader, det har vore annonsert i aviser, på nettsida og i brev til medlemmar.

Rekneskapen for 2007.

Ivar Johansen greidde ut om økonomien. Overskotet for året var på kr. 2.020,03 og eigenkapitalen pr. 31/12 i 2007 var på kr. 29.065,75.

Det vart også orientert om situasjonen for 2008, noko ein vil kome attende til ved neste årsmelding. Pr i dag er det 32 medlemmar i Distriktet.no

Årsmøtet godkjende den framlagde og reviderte rekneskapen. Årsmøtet gav vidare det nye styret fullmakt til å setje opp eit budsjett for 2009..

Melding frå siste periode.

Roald Solheim la fram meldinga for perioden. Han mintest også to viktige medspelarar som har gått bort sidan sist, Einar Hove og Paul Olav Berg.

Enok Kippersund vart takka for at domenenamnet enno er i trygg forvaring.

Årsmøtet hadde elles ikkje merknader til meldinga som vart godkjend.

Val.

Framlegget frå valnemnda ved Ingvild Hansen Nystad og Eldar Høidal såg slik ut:

Inge Kolås, Ørsta –ny, Ingrid Løset, Stordal, ny, Ivar Johansen, Sykkylven – attval, kasserar. Egil Berg, Volda –ny, Cecilie Rørstad, Ørsta – ny, og Eldar Høidal, Sykkylven –ny.

Inge Kolås vart vald til ny leiar. Cecilie Rørstad vart nestleiar og Eldar Høidal sekretær. Alle val var ved akklamasjon.

Ny valnemnd: Roald Solheim og Terje Linge

Revisor: Petter Arne Utgård.

Innkomne forslag – vegen vidare

Eldar Høidal takka dei to som gjekk ut av styret for innsatsen deira for organisasjonen og leia også denne delen av debatten

Sjølv om urbaniseringa har auka dei seinare åra er det likevel nokre lyspunkt.

Ein framheva då dei nye sentera for distriktsutvikling i Steinkjer, Sogndal og Alstadhaug som regjeringa har etablert. Distriktsprisen må ein halde på vidare.

Det er viktig med nettverk, ta opp saker med brei appell. Eit godt døme kan vere monsterlinjene som er tenkt bygde. Dette er ei sak som også har vekt sterkt engasjement t.d. i Hardanger. Elles må vern og bruk av ressursar stå i fokus.

Ein påskjønande og oppmuntrande politikk vil virke engasjerande. Understreka vart det også at ein har ein open organisasjon og at ein etter kvart tenkjer meir i nasjonale baner. Arbeidet med ein ny nettportal der styret lettare kan logge inn saker og gjere heimesida lettare vil vere noko av det første ein må ta fatt på.

Årsmøtet slutt kl. 16.45

Valldal 12.11.2008

 

Terje Linge, referent



Del på sosiale medie:
 

Siste kommentarar