CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Petter Vatn, Epost: petter_vatn@yahoo.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no

Heim

Fekk bygdeutviklingsprisen

E-post Skriv ut PDF

Tysdag 28. oktober var styret i Innovasjon Norge, Møre og Romsdal på Petrines Gjestgiveri i Norddal for å dele ut Bygdeutviklingsprisen 2008 i Møre og Romsdal. Prisen gjekk i år til ”The Happy End” i Norddal.

Nængsorganisasjonen ”The Happy End ” vart stifta i 2004. Alle som anten bur eller driv næring i bygda, kan verte medlemmer. I dag er dei så mange som 13 medlemsbedrifter.

 

Skryte, selje, samarbeide er visjonen deira.
Gjennom dette er målet å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda. Dei 13 bedriftene marknadsførerseg under ein felles logo, og det gjev samhald og ein felles identitet.
Det vart ein triveleg stund på Petrines Gjestgiveri tysdag ettermiddag. Ingunn Linge Valldal opna gildet med fela si, ho spela medan lunsjbuffeten vart fylt med mat. Det var mykje godt på lunsjbordet, alt produsert lokalt av medlemmane i ”The Happy End”.

 

50.000 kroner
Etter lunsj var det utdeling av prisen, eit diplom og 50.000 kroner. Det var styreleiar i Innovasjon Norge Møre og Romsdal, Per Kibsgaard-Petersen, som delte ut prisen. Juryen og styret i Innovasjon Norge Møre og Romsdal har i valet sitt lagt vekt på at ”The Happy End” har sikra eksisterande arbeidsplassar og skapt nye, mange av desse for kvinner og ungdom, og at ”The Happy End” har fokus på berekraftig utvikling, i og med at dei ligg i verdsarvområdet; og at medlemmene utnyttar lokale råvarer og ressursar. ”The Happy End” motiverer bygdefolket til å tore å satse på næringsuttvikling med dei gode ringverknadene det fører med seg.

 


Etter prisutdelinga viste Petter Melchior ein presentasjon av ”The Happy End”, ei reise i ord, tonar og bilete som viste ”The Happy End” frå det første stadiet og fram til i dag.

Alle dei regionale prisvinnarane deltar automatisk i landsfinalen. Kanskje vert det meir heider og ære til næringsorganisasjonen i Norddal?

 

Kjelde: Britt Ingunn Maurstad



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar