Statnettsøknaden av februar 2008
- frekk, feilaktig og farleg -
Statnett har laga ein merkeleg tilleggssøknad vedrørande storlinja, som selskapet vil legge i luftspenn gjennom det vakraste turistlandet i Europa. Uttalefristen er sett til 9. mai i år. Fyrst kom hovudsøknaden i februar 2007. Så kjem no tilleggssøknaden, svakt endra, slik at det kan seiast at Statnett er villig til å drøfte planar. Dette er ein eldgammal hestehandlarteknikk, og ikkje Statnett si oppfinning. Statnett har ikkje funne opp så mykje.
Tilleggssøknaden er forma på bokmål. Dette er å legge merke til, sidan Statnett veit at monster-linja er meint å gå berre gjennom nynorsk-land. Når Statnett likevel presterer å skrive søknaden på bymål, indikerer det ei uforståeleg, oppstylta overklassehaldning som seier sitt om selskapet. Det er liksom underforstått at det er ”vi som veit”. ”Vi høyrer høfleg på det de seier folkens, men vi bryr oss lite om det!” Eit stort tal dyre orienteringsmøte til trass - det bygdefolket har sagt og skrive til no, har i liten grad nådd fram. Eg vonar at alle luftspennråka kommunar er så vakne at dei ser fornærminga i bokmålbruken, og reagerer sterkt. Vi krev ein søknad på nynorsk! Fristen for uttale må utsetjast!
Tilleggssøknaden er eit dokument på 180 sider pluss vedlegg. Forfattarane har kjøpt seg eit dataprogram der dei kan forandre foto etter eigne ønske. Dette er stor ingeniørkunst i eigne auge. Mellom oss sagt klarar ein middels tiåring det same. Og Statnett manipulerer foto i søkars favør i søknaden. Dei kallar juksebileta sine for virtuelle modellar. Det høyrest fint ut. Ein stor del av illustrasjonane i søknaden er nettopp slike fiksa fotografi med ein underliggjande glad bodskap til oss innfødde: Monsterlinja og trafostasjonane vil om lag ikkje vise! Dei fleire hundre ruskereira av nokre dårlege Eifeltårnkopiar som Statnett har tenkt å setje opp overalt, blir knapt nok synlege! Så her har vi med verkeleg flinke folk å gjere!
Søknaden har også nokre få foto som ikkje er fiksa. Her har amatørfotografen fokusert på bygningar som er små, utgamle og dårleg vedlikehaldne. Dei moderne og velhaldne bygga som linja øydelegg store verdiar for, syner Statnett sjølvsagt ikkje foto av! Bileta i søknaden er folketomme, sjølv om områda kryr av folk - sommar som vinter. Det er gjennom hjartet av det vakraste Vestlandet at Statnett vil legge monsterlinja si. Så klarer Statnett altså ikkje å vise eitt einaste ufiksa foto som syner rettferd mot dette ville og vakre og underlege landskapet som vi andre er så glade i, og som alle vettuge menneske reknar som ein arv som vi må ta vare på.
På side 133 i tilleggssøknaden skriv Statnett: Vi kjenner i dag konkrete planer for tre ulike større industriprosjekt i dette området (Elkem Solar i Svelgen, steinindustri på Vevring i Naustdal og Lutelandet/elektrifisering av Gjøa-feltet i Nordsjøen”.
Svelgen er senter i Bremanger kommune. På eit av informasjonsmøta spurde eg prosjektleiaren i Statnett om skriftleg dokumentasjon når det galdt det ”konkrete” prosjektet i Svelgen. Men han visste ikke så nøye. Han hadde hørt om noe. Det var sikkert noe i det – siden, siden…det stod i søknaden! Men dokument som syner konkrete planar? Hm.! Nei, det var vanskeleg! Ordstyraren, som er tilsett i NVE, greip inn og meinte at spørsmålet var urelevant! På førehand hadde eg bede ordføraren i Bremanger om kopiar av moglege korrespondanse som Elkem Solar måtte ha hatt om emnet med Bremanger kommune. Han fann ingen. Så kan vi spørje: Er det same kvalitet på resten av grunngjevinga for Monsterlinja også? Er dette som Statnett kallar ”konkrete planar” stort sett berre tankespinn, luftslott og lausprat? Skal vi bygge trollstygge, overdimensjonerte luftspennlinjer for vindkraft og småkraft før søknader om slike prosjekt er påtenkte, utforma, innkomne eller handsama?
Ein eldre person sa til meg: Vi minstepensjonistane betaler skyhøge straumprisar medan kraftselskapa har hundrevis av millionar i driftsoverskott kvart år. Dei same selskapa, gladgutar som dei er, vil helst leike seg med desse pengane sjølve - i staden for å betale dei tilbake til fellesskapet der dei kjem frå. Her har vi den såkalla ” kraftkrisa” i eit nøtteskal.
Vi bør lytte til seniorane. Dei har ofte eit poeng. Synd vi ikkje har fleire rakrygga politikarar som ser galskapen i luftspennplanane, og gjer noko effektivt for å stoppe vanvitet straks. Om godt eit år er det Stortingsval. Då kjem dei heilt sikkert på bana att, vennleg smilande, og med rause lovnader. Dei bør markere seg andre tider også.
distriktet.no
Roald Solheim
6224 Hundeidvik
Del på sosiale medie:
| Kommentarar |
|







Norge har ingen hovedstad, men har et...