No er dei leie av å vente på rassikring og utbetring av flaskehalsar på riksveg 60 lokalpolitikarane i kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal og Stryn. Utbetringstiltak på strekninga frå Ørsneset i Sykkylven til Byrkjelo i Sogn og Fjordane har stått høgt på prioriteringslista i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei årrekkje. Så langt har det mangla statlege midlar til å kome vidare. Men no har representantar for dei raud-grøne partia gått saman for å setje inn eit trykk mot partikollegaer i storting og regjering.
På eit møte på Stranda den 24. februar 06 vart det laga til ei fellesfråsegn som tok opp dei største flaskehalsane på strekninga. Høgste prioritet har rassikring på Ljøvegen mellom Ljøen og Hellesylt. Her er det allereie på plass både tunellar og rasoverbygg, men framleis er strekninga sterkt rasutsett. Det er lokalisert ikkje mindre enn 15 ras på strekninga som ligg mellom tunellane. Det vil seie at 40% av strekninga som går under open himmel er rasfårleg. Det uroar lokalpolitikarane med tanke på at det kvar dag køyrer mange skuleelevar på denne vegen. I tillegg går det hyppige varetransportar med verdigods frå store industribedrifter som er avhengige av å få varene sine fram til rett tid.
For å sikre strekninga er det planar om å forlenge dei tunellane som allereie er her. Fylket har budsjettert med ein kostnad på 120 millionar på dette prosjektet fram til 2010. Det må sjåast på som eit 1. byggetrinn. Skal ein sikre heile Ljøvegen for framtida, vil kostnadene kome opp i ca 400 millionar kroner.
I fråsegna frå møtet, der også fylkesordførar Jon Aasen tok del, vart tre andre flaskehalsar på riksveg 60 nemnde som særleg viktige å gjere noko med snarast. Ny kai og oppstillingsplassar på Ørsneset som er ein del av fylkets mest trafikerte ferjesamband Ørsneset-Magerholm var eitt av punkta. Vidare vart det peika på behovet for omfattende utbetringstiltak, eller omlegging av vegen, gjennom Hornindal frå fylkesgrensa til Grodås. Siste flaskehals som vart nemnt spesielt var strekninga Olden – Innvik som på enkelte område er så smal at trafikken stoppar heilt opp.
For å leggje fram sine synspunkt vil lokalpolitikarar frå dei fire kommunane møte samferdsleminister Liv Signe Navarsete den 23.mai. Liv Signe Navarsete, som er medlem nummer ein i Distriktet.no, vil sikkert vere lydhøyr for dei problemstillingane som vert presenterte og vonleg bidra i regjeringa til at tiltak kan setjast i verk innan kort tid. I alle fall var trua på at ein skulle vinne fram overfor sine eigne i styringsposisjon stor på samferdslemøtet på Stranda.
Av: Eldar Høidal
Del på sosiale medie:
| Kommentarar |
|







Norge har ingen hovedstad, men har et...