CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Inge Kolås, Follestaddalen, 6150 Ørsta. Epost: post@ingekolas.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no
Heim Nyheter Posten må vise samfunnsansvar!

Posten må vise samfunnsansvar!

E-post Skriv ut PDF

Eldar_2Mykje vil ha meir! Eg kom til å tenke på dette ordtaket då eg las om Posten Norge sine gode rekneskapsresultat for 2005 nyleg. Over 1 milliard i overskot kunne den tidlegare statsbedrifta notere. Trass i det gode resultatet rasla direktøren med sablane over postkontor i det langstrekte landet vårt. Dersom ein la ned om lag 150 postkontor kunne overskotet bli endå større; 500 millionar større hadde dei funne ut.

Slik kan det gå når ein slepp laus dei kommersielle kreftene i det som opprinneleg var ei samfunnsbedrift. Tidlegare var målet at Postverket skulle sørge for at folk fekk gode posttenester uansett kvar dei budde i landet. No er altså målet at bedrifta Posten skal gå med størst mogeleg overskot. Det som følgjer av ein slik strategi er naturleg nok at dei postkontora som har minst trafikk vert lagde ned først, fordi dei gjev eigarane minst økonomisk vinst. I reine ord vil det seie at postkontora i utkant-Noreg no står utrygt til.

I distriktet.no vil vi åtvare mot ein slik lønsemtenking i posten. Dersom ein ser isolert på Posten Norge som ei forretningsbedrift kan synspunkta forståast. Men Posten Norge er noko meir enn ei ordinær kommersiell bedrift. Posten har etter konsesjonsvilkåra einerett på ombering av brev under 100 gram, og i praksis har Posten eit monopol også på tyngre brev og mindre pakkar for vanlege forbrukarar. I konsesjonsvilkåra står det tydeleg at Posten skal sikre brukarane eit godt og likeverdig tilbod i alle delar av landet og at det skal vere minst ein fast ekspedisjonsstad i alle kommunar.

Då Posten la fram dei gode rekneskapstala for 2005 vart det også peika på at verksemda tapte pengar på banktilbodet sitt. Fram til i dag har Posten sikra banktenester for folk i dei ytste utkantar gjennom ordninga med landpostbod og små postfilialar. Med så god utvikling som Posten har på dei nye forretningsområda sine, kan vi ikkje sjå at ikkje verksemda kan hald oppe aktivitet også på område som har mindre lønsemd eller isolert sett går med tap. At Posten har eit breidt post- og banktilbod er med å byggje opp ein tillit og eit positivt bilde av Posten som verksemd som eg er sikker på at Posten i det lange løp vil tene på også i kommersiell samanheng. Vi ventar at Posten tek samfunnsansvar og følgjer opp det som så langt har vore konsesjonsvilkåra. Dersom Posten ikkje gjer det vil verksemda tape kundar over heile landet og til slutt sitje att som ei fattigare bedrift. Førebels står Posten godt i omdømet til folk flest, lat oss vone det vert situasjonen også i framtida. Vi i Distriktet.no har den beste trua om framtida, også for Posten, ikkje minst fordi medlem nr 1 i organisasjonen vår, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, er generalforsamling i bedrifta..

Av: Eldar Høidal



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:
:):grin;)8):p:roll:eek:upset:zzz:sigh:?:cry
:(:x

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar