CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Aktuell debatt Sprei ressursane

Sprei ressursane

E-post Skriv ut PDF
Sentraliseringa av busetnaden i landet ser ut til å halde fram med uminska kraft trass i den raud-grøne regjeringa sine uttalte målsetningar om å få ei meir balansert folketalsutvikling i landet. Oslo fekk 16000 nye innbyggarar i 2008, og i 2029 spår samfunnsøkonomane at hovudstaden kjem til å ha 200 000 fleire innbyggjarar enn i dag. I mange andre fylke vil folketalet stagnere.
 

Dette kjem fram i ein artikkel som økonomane Karen Helen Ulltveit-Moe og Victor Norman har skrive i tidsskriftet Samfunnsøkonomen. Dei peiker på ein viktig grunn til denne utviklinga: Tradisjonell industri og landbruk har vore nedbygd dei siste åra, og slike næringar er som regel lokalisert til distrikta. Nye kunnskapsintensive verksemder kjem derimot først og fremst i Oslo-området. Og folk flyttar naturleg nok dit dei ekspansive og attraktive arbeidsplassane er.
 

Er det då noko å gjere med denne utviklinga eller vil ho halde fram, som ei slags naturlov? Eit mottrekk styresmaktene kan setje inn er sjølsagt å satse på utvikling av kunnskapsbaserte bedrifter også i utkantane. For å få dette til må sentrale styresmakter vere viljuge til å satse midlar på regionale kompetanse- og forskingsmiljø, til dømes dei som er knytt til dei mange regionale høgskulane og forskingsentraene. Vi høyrer frå høgskulemiljø at dei slit med knappe rammer og at det hindrar dei i utvikling og innhenting av den fremste kompetansen på sine spesialfelt. Her kan styresmaktene bidra dersom det er vilje til satsing på utkantane. Styrk overføringane til dei regionale utviklingsmiljøa. Det vil garantert gje betre avkasting på investeringane enn spekulering i utanlandske kapitalfond.
 

Eldar Høidal

Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar