CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Aktuell debatt Svar til ein statsråd.

Svar til ein statsråd.

E-post Skriv ut PDF

Fredag 24. april 2009 hadde olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (41år) eit lesarbrev i ei regionavis under overskrifta  ”Rett til nett”.  Kanskje brevet er ei  trøyst  til tidlegare Senterpartiveljarar som vurderer å byggje småkraftverk?  Visse selskap vil vere med på slikt.  Dei  kjem med  ferdigskrivne  kontraktar  og søte  kaker. Kontraktane er svært gunstige  - for selskapa. Vel bøndene andre samarbeidspartnarar, kan det bli vanskeleg med linjekapasiteten.  Men Oslo-avisene fokuserer ikkje på slikt, så dette veit ikkje statsråden. Med den forma som  minister-brevet har fått, vil nok  mange diverre tolke  teksten  som ei halvkveda vise med langt på veg  ja til 420-kV-luftspennet  Fardal-Ørskog . Kva som måtte vere Riis-Johannesen sitt eigentlege ærend, spelar mindre rolle.  Skaden er no eit faktum.

Statnett  kan  ikkje garantere at  den frykta Monsterlinja blir det siste store  luftspennet  mellom Møre og Sogn. Kommunane  som  får linja tredd nedover seg, er sterkt opprørte.  Ordførarane  krev kabelalternativet  skikkeleg utreia.  Statnett nektar. Somme meiner vi kan byggje gasskraftverk i Romsdal, og slutte med hykleriet der vi brenn  gassen i utlandet, og spelar  miljøheltar  her  heime. Mange meiner at  luftspenna, småkraftverka og vindmølleparkane  i sum  tyder ei for stor belastning  på  naturperla Vestlandet. Dei krev  at staten  skal leggje søknadene til sides  til vi har fått ein skikkeleg  plan for  landsdelen.  Det bør setjast ned ein brei  kommisjon som får i oppgåve å komme med framlegg til ein ny, samla plan for utbyggingane.  Skal Vestlandet i framtida  bli  berre ein strengstrypt og avfolka energiproduserande region ? Eller skal landsdelen  vere noko meir? Er det  Oslo-kameratane  som i tilfelle skal avgjere dette åleine, eller skal folk på Vestlandet  også  takast med på råd, og ikkje berre bli  snakka etter munnen  i tallause høyringsmøte der ingen frå Oslo lyttar aktivt?Tidspunktet statsråden har valt for lesarbrevet er maksimalt  uheldig. Konsesjonssøknaden  for Fardal-Ørskog  er under behandling i NVE.  Prøver statsråden  å påverke arbeidet  til NVE?  Brevet  er  i alle høve ei uhyre klossete greie, og set pinlege spørsmål om politisk og administrativt kompetanse. Departementet til  Riis-Johansen er ankeinstans i saker som dette, og det er mykje truleg at  den avgjerda NVE gjer, blir anka nettopp til Olje-og energidepartementet.  Spørsmålet er om Terje Riis-Johansen no  er skikka til å leie ankehandsaminga?  Har han gjort seg sjølv ugild i denne saka?  Statsråden har ikkje berre skote seg sjølv i foten, han har også  lagt nok ein stein på børa  til statsministeren.  Statsråden har heller ikkje gjort det  lettare for oss  på Vestlandet som  framleis har stor sans for  Liv-Signe Navarsete og Per Olav Lundteigen. Kva parti skal vi stemme på no?  Men eitt er sikkert: Vi ofrar ikkje arvesølvet Vestlandet for nokre maktlause, mottetne taburettar. Der går grensa.

Roald Solheim



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar