CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Aktuell debatt Kvifor ta vare på nærmiljøskolen?

Kvifor ta vare på nærmiljøskolen?

E-post Skriv ut PDF
Tordis Irene Fosse

Det går ei nedleggingsbølgje gjennom landet: I takt med anna sentralisering blir også dei små skolane borte. Sidan 1986 er mellom 900 og 1.000 skolar nedlagde i Noreg – for det meste små grendeskolar. Dette blir sentralstyrt bl.a. ved at fylkeskommunen tek mesteparten av skyssutgiftene. I kommunane er det kommunebudsjettet som gjeld (”skitt i Norge”?); det kan sjå ut til å vera kroner å spara. Eit eksempel er Sør-Fron. Her føreslår administrasjonen å kutte frå tre til to skolar med deling av Liene mellom Midtbygda og Harpefoss. På Facebook kom det sist haust ei aksjonsgruppe som går inn for å ha ein felles skole som kan ”samle bygda”. I februar spratt det opp ei raskt veksande gruppe, som vil behalde alle tre skolane og arbeider ”for levende grender og bygdesamfunn”.

Liene oppvekstsenter, minst i Sør-Fron og mest nedleggingstruga, har 63 elevar, etter prognosen mellom 62 og 67 fram til 2015, og 50 i 2016. Rundt 40 elevar er ideelt, seier professor Jon Olav Myklebust. Mindre enn 10-12 elevar kan vanskelegare forsvarast, seier professor Karl Jan Solstad. Slik sett har mange nedleggingstruga skolar mye å gå på i lang tid framover. Liene kan likevel kallast ”liten” fordi det til dels er nødvendig aldersblanding, og fordi han blir omtala som ”for liten” av somme. Ein tredel av skolane i landet har under 100 elevar, så førebels er Liene i godt selskap og ikkje merkverdig. Og kan ein vera sikker på utviklinga av barnetalet – skal ein legge opp til nedgang? Ein samla skole i Sør-Fron ville ikkje bli ein gigantskole. Likevel er det forskjell på større og mindre, og særleg på fulldelt og fådelt (aldersblanding). Sør-Fron er ei bygd med mye som er felles; samtidig er det grender her, og forskjell på om det er skolar i grendene eller ei.

Her kjem oversyn over argument i val av skolestruktur i ei bygd, med Sør-Fron som eksempel. Det er eit forsvar for små skolar i nærmiljøet og eit motinnlegg mot den administrative sluttrapporten frå Sør-Fron kommune – uttrykksfullt namn dei bruker! – og mot ein-skole-tenkinga. Desse tek det nærmast for gitt at små miljø og aldersblanding er av det vonde. Utgreiinga frå administrasjonen har i liten grad svara på spørsmålet i mandatet sitt: ”Hva vil konsekvensen bli for den enkelte elev ved endret skolestruktur?” Den pedagogiske tenkinga er både tynn og skeiv…· Det finst ikkje signifikante forskingsresultat som tilseier at små skolar er dårlegare enn store. Dei er minst like gode som større skolar, konkluderer Karl Jan Solstad ut ifrå ei heilskapsvurdering. På FAU-møte ved Liene før jul sa ordførar Aksel Eng at alle tre skolane i Sør-Fron var betre enn landsgjennomsnittet på nasjonale prøver. · Ikkje nok med det: Det blir utvikla ein særeigen handlingskompetanse i små skolemiljø der samhandlinga er prega av samarbeid (Elsa Løfsnæs si dr.gradsavhandling). I små skolemiljø er det mulegheiter for heilskapleg læring og identitetsutvikling (Anita Berg-Olsen si dr.gradsavhandling). · Det er pedagogiske fordelar med ulike alderssteg i same gruppe: "Dei eldste elevane får prøve det å vere ressurspersonen og oppnår auke i sjølvmedvit og personleg tryggleik. Dei får fagleg repetisjon ved å undervise andre, stille spørsmål og gjennomgå for dei yngste, som på si side får ein "lærar" som ligg nær dei i alder og er lett å identifisere seg med.” (S. 45 i Nærmiljøpedagogikk, red.: Kristoffer Melheim, 2009) Elevar i ulik alder, men på same kunnskapsnivå, kan lettvint og naturleg få like oppgåver utan å bli stigmatiserte; det blir muleg å strekke seg oppover eller lykkast med lettare oppgåver (Kari-Anne Stenberg, lærar ved Lilleborg skole i Oslo, ein skole med frivillig aldersblanding).· Sosialt blir det meir fleksibelt i aldersblanda grupper. Ved ein større skole er det fleire på same alder; det kan gjera det lettare for somme å finne likesinna. Fleire alderssteg i same gruppe kan gjera det lettare for andre. For somme kan det ”stemme” best med ein som er eldre, for andre med ein som er yngre. Det er ingen som hevdar at familiar heller burde få trillingar enn ungar i tre ulike aldrar! I barnehagen og elles i samfunnet deler ein ikkje etter årssteg! · Aldersblanding og mindre grupper er løysinga for elevar med åtferdsvanskar, meiner fagfolk innan spesialpedagogikk (artikkel i BT.no 5.11.03. Sjå www.LUFS.no)· Elevane ved små skolar kan få både i pose og sekk ved at dei til dagleg er i eit lite miljø med aldersblanding og andre gonger har opplegg saman med andre skolar i bygda og treffer fleire på sin alder: friidrettsdagar, orienteringsdag, skidag, fjellturar og andre turar, lengre skoleturar, felles faglege opplegg – for å ta eksempel frå Sør-Fron. Ungdomssteget osv byd etter kvart på større miljø. · Aldersblanding krev meir organisering og gir ofte meir samarbeid mellom lærarar. Det blir ein type fagfellevurdering. Læraren får impulsar frå andre lærarar. · Lærarar treng ikkje vera i same bygning for å få til fagleg miljø. Ein større skole har automatisk større fagmiljø enn ein liten, isolert skole. Men ein skole treng ikkje isolere seg: Fleire mindre grendeskolar kan samarbeide og gi kvarandre impulsar nettopp ved at dei er ulike og sjølvstendige. Barneskolane i Sør-Fron samarbeider både fagleg og administrativt. Til ein viss grad er dei organiserte som ein institusjon. Kanskje kan ein gå lenger i den leia: ha tillit til lærarane og skolane og legge til rette for spennande samarbeid innafor ein trygg og varig struktur.· Det er ein viss mangel på lærarar i Noreg, men det ser ikkje ut til å vera vanskelegare å få lærarar ved små enn ved større skolar. Små skolar kan også vera attraktive. Kan det bli interessantare å koma til Sør-Fron om bygda ikkje blir ein kopi av tusen andre, men står fram med sin eigen måte? · Skole nær ved legg til rette for meir gåing, sykling o.l. og mindre bilkjøring – bra for kropp og miljø! Og fint for oss som kan nyte synet av desse som hoppar og sprett etter vegen, og veksle ord med dei! · Det blir kort veg til kveldsaktivitetar for ungane. I Liene lyser det av aktivitet omtrent kvar kveld!· Ein nærmiljøskole er ein samanbindande institusjon: Ungar får nærmare forhold til skolen sin når han er nær ved. Det ligg historie i veggene på ein gammal skole. Mange av foreldra, besteforeldra osv har vori elevar der. Skolen bind generasjonane saman. Det er eit pluss for ei grend å ha ein skole: ein møtestad, liv i grenda, lett mulegheit for foreldre og andre å ha med skole og ungar å gjera. Folk får eigedomskjensle til skolen.· Kunnskapsløftet legg vekt på forhold til lokalsamfunnet. Di nærmare skolen er heimemiljøet, di betre ligg det til rette for å knyte seg til det lokale.· Det er ein fordel at større delar av kommunen er attraktiv å bu i (konsekvens for bustadprisar også!).· Økonomiske argument blir brukte for samanslåing av skolar: mindre utgifter til lærarlønningar, altså mindre lærarressurs per elev. Eventuell meirkostnad ved å ha tre skolar heller enn to kjem på den måten kvar elev til gode. (På femtitalet hadde Sør-Fron råd til 5-6 skolar.) Forlatne skolebygningar blir ofte ståande ubrukte; det er ei stor utgift for kommunen (vedlikehald, strøm osv); sluttrapporten frå administrasjonen ser luftig og overmodig ut på dette punktet! · Ei eventuell fordeling av ei grend på to skolar vil splitte opp miljøet. ”Skolebarn er ikke elgkvoter”. Ordførar Aksel Eng sa under denne overskrifta i GD, 19.6.02 desse kloke orda: "Vi kan ikke se alle barna i kommunen under ett, og fordele dem i passende antall rundt om på skolene. Det er ikke som elgkvoter, dette." Nedleggingsplanar eller -trugsmål er svært negativt for ein skole, har Karl Jan Solstad vist. Omorganisering er ei påkjenning for ein arbeidsplass. Dersom ein legg ned ein skole, er det etter alt å dømme for all overskodeleg framtid. Det bestemmer ikkje berre for dei ungane som er i skolealder akkurat nå. Prosess og avgjerd om skolestrukturen har mye å seia for barn, foreldre, grend og bygd – både nå og i lang tid framover.


Tordis Irene Fosse har sjølv vori elev ved Liene skule i Sør-Fron, den gongen fådelt, to og to klasser saman. Har arbeidd i lærarutdanning i fleire tiår og er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Oslo og seniorstipendiat. Har sett mengder av store og små skolar. Har slektningar som er elevar ved Liene og ein som skal bli (?). Kjenner godt til skolen nå.

 



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar