CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Aktuell debatt Ofrar borna i distrikta

Ofrar borna i distrikta

E-post Skriv ut PDF

 Dei siste 25 åra har kommunane uhindra fått rasere 1150 nærmiljøskular.

Små skular finst ikkje lenger. Livskraftige skular hamnar i kverna. Takten aukar på denne menneskeskapte tsunamien. Ungane betalar største prisen.

 

Born ned i 5-års alder vert no pålagde lengre og lengre arbeidsreiser til og frå skulen. Daglege bussreiser på 2 timar er ikkje eit unntak, men regelen for mange. Slikt vert gjort mot ungar, som ifylgje Opplæringslova har rett til skule i sitt eige nærmiljø. Born og foreldre blir ope diskriminerte, alt etter kvar dei bur – i landet eller innan kommunen. Barnets beste er krenka grovt. Prisen ungane betalar, er skadd helse, tapt fritid og dårlegare læringsmiljø.

 

Både statsminister Stoltenberg og kunnskapsminister Halvorsen seier at dei "ikkje vil blande seg bort i nedlegging av nærmiljøskular". Det er trist når regjeringa talar mot betre vitande. For staten grip aktivt inn i kommunane sine reknestykke allereie i dag:

·        ein stimulerer sentraliseringa gjennom måten grunnskulen er finansiert

·        staten betalar storparten av skuleskyssen 

 

Dermed legg kommunane ned skular det eigentleg er lønsamt å halde oppe.

I mange saker er kostnaden med skuleskyssen tunga på vektskåla. Ordninga fungerer som ei skjult subsidiering av skulenedlegging. Det forklarar kvifor kommunane har "hatt råd til" å fjerne 1150 nærmiljøskular frå kartet. Andre betalar gildet.

 

Dei lokalsamfunna som tapar, vert tvinga til å velje mellom to diskriminerande tiltak:

·        å måtte godta at kommunen tek frå born, foreldre og lokalsamfunn den lovfesta retten til skule i nærmiljøet – med alle dei konsekvensar det har

·        å måtte søkje privatskule på eit pedagogisk eller religiøst grunnlag, som dei eigentleg ikkje ynskjer

 

 

 

Over heile landet slåst folk for å halde på den offentlege skulen i nærmiljøet.

Dei veit at nærmiljøskulen samla sett held høgst kvalitet. Ein skulle då kanskje tru at ei raud-grøn regjering ville la folk sjølv få drive vidare etter offentleg læreplan? Nei, den utvegen stengde dei ved siste endring av Privatskule-lova. I praksis tvingar no Stoltenberg-regjeringa born aktivt ut av offentleg skule, bort frå offentleg læreplan – og over i private løysingar.

 

Andøya er ein av stadene, der foreldra i desse dagar må setje i drift to flunkande flotte Montessori-skular. Baksida av medaljen er til overmål at kommunen gjennom rammetilskotet vert trekt for mesteparten av det privatskulen kostar. Det svekkjer i sin tur dei attverande offentlege skulane i kommunen – og kan drive fram ytterlegare sentralisering/privatisering. Alle vert taparar.

 

Dette interesserer altso ikkje topp-politikarane våre. Det viser at norsk grunnskule er utan styring.

 

Sentralmakta i kommunane får ture fram med å leggje ned kvalitetsskular i hopetal. Dette har lite med demokrati å gjere. Kjøtvekta avgjer. Utkantane kjem alltid i mindretal i kommunestyra. Her risikerer ikkje regjeringa ordførar-opprør. Men det er like fullt ei stille rasering av vår viktigaste infrastruktur. I aukande tempo forsvinn trygge nærmiljøskular frå livskraftige lokalsamfunn. Det er ikkje noko mindre enn ei rein årelating av distrikta.

 

Regjeringa,  som likar å tale svulstig om verdien av offentleg skule, tviheld på eit system som undergrev det offentlege skuleverket i distrikts-Noreg. Symbol-pratet på sentralt hald går om "kvalitet", "fleire lærarar i skulen", "meir disiplin" – kanskje "gratis frukt"? 

 

Men det er heilt andre ting som i praksis avgjer kvaliteten i skulen.

I annankvar kommune er det årleg uro om nedskjering, nedbemanning, omorganisering – ofte nedlegging. Snever privatøkonomisk praksis styrer grunnskulen. Kvar haust framfor budsjettdebattane spør skulefolk seg: Kor mange timar får vi neste år? Kor mange lærarar blir vi? Eksisterer skulen vår neste år? Eller får vi overført elevar frå nedlagde skular, utan tilsvarande ressursauke? Korleis kan det bli god, stabil skule av slikt? Aukar det kvaliteten å tilsetje bussjåførar i staden for lærarar?

 

Ein skulle tru at kunnskapsministeren og sentrale skulebyråkratar si oppgåve var å utvikle kvalitetsskular der folk bur - i alle delar av landet. Men fyrste vilkår er at det verkeleg finst ein skule der. Om ikkje, blir alt snakk om kvalitet berre livsfjernt tankespinn. Mange opplever at Stoltenberg og Halvorsen spreier uvisse og irritasjon, når dei gjev inntrykk av at sentralisering fremjar kvalitet. Påstandane er utan sakleg grunnlag – og meir prega av fordomar enn av fakta. Det er vemodig at regjeringa sine frontfigurar har ei so sterk misoppfatning av livsvilkåra til menneska i det landet dei er sette til å forvalte. For det er nærmiljøskulen som er kvalitetsskulen. Det veit foreldre som slåst for skulane sine. Det same seier elevane i Elevundersøkelsen.

 

Skulenedlegging gjev dessutan alltid samfunnsøkonomiske tap.

Det burde kanskje interessere ei raud-grøn regjering at

·        store kostnader no vert haldne utanfor reknestykket til kommunane

·        rest-rekninga får born, foreldre og lokalsamfunn betale – og vi andre over skattesetelen

 

Dessutan: Om likskap for lova og solidaritet framleis har eit innhald – omfattar det born og foreldre i heile landet? 

Spørsmålet må stillast, sidan det ser ut til at regjeringa aktivt hindrar at det vert laga reglar for kor lenge born sine skulereiser kan vare. Eller sagt noko meir direkte: Kvifor kan ikkje Stoltenberg og Halvorsen gjere framlegg om å sende Oslo-ungar til  barneskule i Hamar? Det tilsvarar i sofall berre den skulereisa mange ungar i distrikts-Noreg er utsette for i dag. Kanskje pipa då vil få ein annan lyd?

 

 

Torodd Fagerheim

Rådgjevar i LUFS

 



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar