CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Nyheter Monsterlinja Fardal- Ørskog: Synfaring seinhaustes - sjølvsagt!

Monsterlinja Fardal- Ørskog: Synfaring seinhaustes - sjølvsagt!

E-post Skriv ut PDF

UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen sitt mandat er å arbeide for fred og tryggleik ved å fremje samarbeid mellom nasjonar innan dei fire nemnde områda. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland kom i juli 2005 på UNESCO si liste over verda sineviktigaste kultur- og naturverdiar (World Heritage List). Alle jubla og sa dei var glade og stolte over dette. Utpeikinga er ei kraftig påminning til oss om kva verdiar vi har forvaltningsansvar for.UNESCO vil ha oss til å tenkje. Det er ikkje berre desse to små fjordarmane som kan kallast verdsarv. Også det mellomliggande landskapet er like vakkert og verdfullt, og sjølvsagt ein rikdom som vi skal ta vare på og levere uskada vidare til nye generasjonar.Så presterer altså Statnett , på vegne av kortsynte oppdragsgjevarar, å søke om å bygge eit troll av ei høgspentlinje heile vegen frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre, midt gjennom vakraste omlandet til verdsarven. Lina blir etter planen over 30 mil lang. Er avstanden mellom dei skyhøge mastene 300 meter, talar vi om tusen master.Til kvar mast går det kanskje 10 tonn galvanisert stål. I tillegg kjem dei seks tjukke trådane mellom mastene. Du kan sjølv rekne ut kor mykje framandt metallskrot Statnett vil plassere i naturen til etterkommarane våre.Statnett-søknaden var først til behandling hjå Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE). Dei gav grønt lys. I tillegg lovprisa NVE Statnett for ein god søknad. Om dei har lese søknaden skikkeleg, veit vi ikkje. Andre som har lese dokumenta, har funne både feil og manglar, i tillegg til at forma er svært provoserande med mellom anna merkeleg tillaga amatørfoto som skal prove kor lite synleg styggedommen angjeveleg kjem til å bli. 

Avgjerda til NVE vart anka av svært mange. Anken ligg no hjå Olje-og energidepartementet (OED) . Kvifor det er OED som skal handsame anken, er underleg.Alt skulle vel tilseie at det var Miljøverndepartementet som var ankeinstans. Det er då vitterleg tale om eit katastrofalt stort naturinngrep. Kva vi skal med eit eige departement for natur-og miljøsaker når dei ikkje ein gong får styre i denne ankesaka, er eit ope spørsmål. Har statsråd Solheim kanskje så mykje bein i nasen at han er ein risikofaktor? Han kunne finne på å setje foten ned og stanse galskapen. OED vil ha synfaring. Det skulle elles berre mangle. Men legg merke til kor knapp tid som er avsett, og kva årstid som er valt.Synfaringa skal nemmeleg gå over berre tre dagar, og vere i tidsrommet 19. til 22. oktober. Dette er svært seint på hausten, og utsendingane frå Oslo vil neppe få oppleve Vestlandet frå si aller beste side. Sola er nesten borte. Det er korte dagar og tidleg mørkt. Lauvtrea står ribba for alt grønt. Det er mykje vind og mykje væte. Det haglar i fjordane, og det har snøa langt ned i åsane. Vinteren står for døra, kald og grå.Tidspunktet for synfaringa er, sett frå naturvernsynsstad, verst mogleg. Er tanken at OED skal få eit så slett inntrykk av Vestlandsnaturen som på nokon måte mogleg? Her er det så stygt og svart frå før at ei ny troll-linjebeint fram vil pynte opp i elendigheita! UNESCO Noreg er svært spørjande til Monsterlinja, og minner oss om at ein verdsarvstatus kan trekkjast attende. Men UNESCO Noreg er ikkje invitert til å vere med på synfaringa. Ville det ha blitt for plagsamt?



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar