CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.
Heim Organisasjonen Vedtekter

Vedtekter for foreininga Distriktet.no

E-post Skriv ut PDF
(Justerte etter årsmøtet 08.11.2003)

 

§ 1 Foreininga

 

Distriktet.no skal vere ein ideell og tverrpolitisk organisasjon, og skal i fyrste omgang

registrerast som ei foreining. Styret skal arbeide for å skaffe naudsynleg kapital, slik

at organisasjonen på sikt kan bli ei stifting.

 

§ 2 Formål

 

Organisasjonen sitt formål er å

 

- arbeide for å halde oppe og auke busetnaden i distrikta ved å utvikle ein slagkraftig, tverrpolitisk organisasjon. Organisasjonen skal både sikte mot å byggje alliansar mellom distriktsinteressene, stimulere til positiv aktivitet i distrikta og påverke styresmaktene til å føre ein meir distriktsaktiv politikk.

§ 3 Medlemsskap

 

Alle som støtter organisasjonen sin formålsparagraf kan bli medlemer i Distriktet.no. Både privatpersonar, lag og andre organisasjonar kan bli medlemer.


§ 4 Årsmøtet

 

- Årsmøtet er foreininga sitt øvste organ.

- Årsmøtet skal kallast inn av styret med minst tre vekers varsel.

- Alle medlemmer som har teikna direkte medlemsskap, og som har betalt sin medlemskontingent, har møterett på årsmøtet. Lag og organisasjonar veljer ein person til å møte på årsmøtet.

- Årsmøtet kan ved vanleg fleirtalsavgjerd endre vedtektene til foreininga. Forslag om vedtektsendringa skal vere styret i hende seinast fire veker før årsmøtet, slik at det kan førast opp som eiga sak i innkallinga til årsmøtet.

- Tid og stad for årsmøtet skal kunngjerast gjennom organisasjonen si heimeside to månader før det vert avvikla.

- Årsmøtet godkjenner foreininga si årsmelding, revidert rekneskap og vedtek budsjett. Årsmøtet bestemmer også foreininga sin medlemskontingent.

- Årsmøtet vel eit styre på seks medlemer, inklusive leiar, redaktør av heimesidene/skrivar, kasserar og tre styremedlemer. I tillegg skal det veljast to varamedlemer. Det skal leggjast vekt på at det vert ei viss geografisk spreiing på styremedlemene og at det vert god kjønnsbalanse. Det vert skifta ut to styremedlemer ved kvart val, slik at det ikkje kan bli full utskifting av styret før tre årsmøte har blitt avvikla. Dette for å skape god stabilitet i organisasjonen. Styremedlemene vert altså valde for to år om gongen.men kan, om dei sjølve ønskjer det og årsmøtet godkjenner det, få avløysing tidlegare.

Ved neste årsmøte bør medlemstalet i styret endrast til å verte fem eller sju, dette for å unngå partal og ev. dobbeltstemme på leiar (pgr.6 følgjer samme endringa).

- Årsmøtet skal velje revisor og valkomite.

- Det skal skipast årsmøte kvart år. Det vert opp til styret å vurdere perioder for rekneskap/budsjett og tidspunkt for distriktsting.

§ 5 Styret

 

Foreininga vert leia av eit styre på seks medlemer, med to varamedlemer.

- Styret er ansvarleg for at drifta av foreininga held seg innafor rammene som formålsparagrafen og foreininga sin økonomi gjev høve til. Styret kan om den finn det føremålstenleg og økonomisk forsvarleg, tilsetje personar som skal stå føre den daglege drifta av organisasjonen.

- Distriktet.no er ein nasjonal, internettbasert allianse, så mykje av kontakten mellom styremedlemene må skje via telefon, e-post og fakssendingar. Også styremøta må kunne organiserast på denne måten. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styret, inkl. varamedlemer, har fått uttale seg om dei sakene som er oppe til handsaming. Det same gjeld signering av protokoll.

- Det skal setjast opp protokoll etter kvart styremøte. Protokollen skal skrivast ut på papir og signerast av minst fire av styremedlemene, inkl. varamedlemer.

- Det skal gjennomførast minst eitt formelt styremøte pr. år. Då skal styret m.a. planlegge årsmøtet og bestemme tidspunkt for årsmøtet.

§ 6 Disposisjonsrett

 

Styreleiar og eitt styremedlem til får foreininga sin prokura. Uttak fra foreininga sin konto må tilvisast og attesterast av desse to i fellesskap.

§ 7 Omdanning og oppløysing

 

Foreininga skal kunne omdannast og oppløysast av årsmøtet i foreininga, dersom dette er meldt som eiga sak for medlemene minst fire veker før årsmøtet. Ved omdanning eller oppløysing skal ei ny ordning så langt som råd er tilpassast det opphavelege formålet og tankegangen i foreiningsgrunnlaget. Det skal i så fall leggjast vekt på at midlane vert nytta til tiltak som verkar for utvikling av busetjing og næringsliv i distrikta.



Del på sosiale medie:
 

Siste kommentarar